Jollebygging

Hei alle lokallagsleiarar!

Årsmøtet i Fylkeskystlaget har avsett midlar til satsing på jollebygging i felles regi for born.

Grunntanken er at små seiljoller er noko som born flest synes er artig å halde på med. Samtidig kunne det kanskje vera kjekt å ta borna med heilt frå starten av bygginga av jolla til sjøsetting og utprøving og bruk.

Seinare ta jolla med på Hordastemner eller treff og segle saman med andre lokallagsborn med make jolle. Bygd i eit anna lokallag. For å dra dette i gang, er tanken å halde eit felles kurs for dei lokallaga som er interesserte i å dra i gang med dette. Desse som så har vore på felleskurs – kan reise heim att til lokallaget og sette igong kurs der.

Ta borna med der.Det er mulig det lar seg gjere å skjere til ferdige delar på evt. første kurset som ein kan ta med tilbake til lokallaget og sette i saman der.

Båttype: a-jolle/optimist-type. Det kan søkast fylkeskystlaget om opp til 5000,- til bygging av jolle. Totalt er det sett av 50.000,-

Me vil no i denne omgang gjerne vite om det er nokon som er interesserte i å reise på jollebyggingskurs allerede no i april?

Dvs. 25. – 26. april på Tysnes. Bygginga i båtbyggarverkstaden til Magne Fauskanger. Mulighet for overnatting i hytte i nærleiken av verkstad på sørsida av Tysnes Forutsetning er selvfølgelig at materialen er å få fatt i til den tid, + få nokre andre detaljar på plass – Teikning mellom anna.(Denne saken er under arbeid)  

Tilbakemelding SNARAST!! Om laget heller vil vere med f.eks til hausten, så gje beskjed om det!

Legg igjen en kommentar