Vi planlegg kro og samlingspunkt for deltrakarar pÃ¥ kaia ved MS Atløy i eige telt. Her vil vi samlast torsdag etter ankomst, og vi byr alle mannskap pÃ¥ ein enkel tallerkenrett eller suppe og kanskje litt i glaset om økonomien tilseier det. VÃ¥rt eige Fjordsteamøl, og tørkasilda vÃ¥r vil ogsÃ¥ være Ã¥ fÃ¥ kjøpt. Mannskapsteltet vil være møteplass under heile stemnet. Musikk ved â€Hummer&Kanari†og allsong. Sjølv om dette er gratis vil vi gjerne ha ei enkel pÃ¥melding for planlegginga si skuld.
Kvar kveld under heile Fjordsteam vert det maritim sommarrevy for dei som har lyst å le litt. Her deltek mellom andre Øyvind Angeltveit (Lompelandslaget). Vanleg pris er 250,-, men fredagen får vi mannskapspris på 200,-. Etter revyen vert det allsong frå vårt eige songhefte.
Laurdag vert det stor mannskapsfest på Flora Samfunnshus. Rikhaldig buffé med innslag av fisk og skaldyr, varm mat, kake og dessert. Kokkane har godt ord på seg, så dette gledar vi oss til! Prisen er 350,- som inkluderer dansen etterpå. Bilfolket, kystlaga og arrangørane på dei stadane vi besøker fredagen vert også invitert, og det kan fort bli 500 menneske til middag!
Vi ber derfor med dette om bindande pÃ¥melding til revy og middag innan 30. juni til underteikna. Vi ber ogsÃ¥ om ein indikasjon pÃ¥ kor mange mannskap (og passasjerar) som kjem med kvar bÃ¥t, og kor mange som blir med pÃ¥ opninga i teltet. Betaling for revy og middag kan overførast Fjordsteam sin konto 3705.17.62194 innan same dato. Merk betalinga tydeleg med fartøynamn og â€middag og revyâ€. Betalte billettar vert utlevert frÃ¥ sekretariatet ved ankomst.
Om de ser av lista at det er andre som burde hatt dette, gjer vel å sende vidare.
Velkommen til hyggelige dagar i Florø!
FJORDSTEAM 2010
Per Grov
917 00 097