HOPE TREBÅTLAG inviterer, for tiande gong, til seglhelg i Sangoltshopen, Skogsvåg.
Det vert som vanleg fiskekonkuranse, båtbygging, Roknappen for ungar, kappseglas på fjorden og om kvelden grilling & sosialt samver på Naustbakkjen, på bryggjene eller i Naustet (veret avgjer, men som vanleg er det tinga godt sumarver!).
Laurdag 5. juni
12:00 Skipparmøte
12:00 / 16:00 Fiskekonkurranse, båtbygging, Roknappen for ungar
13:00 / 16:00 Kappseglas i Raunefjorden
16:00 Premieutdeling fiskekonkurransen
17:30 Grillen varm
19:00 Premieutdeling seglas og sosialt samver
Søndag 6. juni
11/12:00 Søndagsseglas (viss ver og for dei som ikkje skal tidleg heim)