Hordakyst – treffet

Minner om Hordakyst-treffet i år! :)

> Hordakysttreff 29 juni – 1 juli 2012
>
> I Førdespollen sør for Straumøy i Bømlafjorden ligg den lune hamna Liereid i Sveio kommune. Her er fleire kaiar og gode lokaler å samlast i. Det seiest at det gjekk ein gamla kongeveg forbi her på 12-1300 talet. Delar av den en synleg den dag i dag.
>
> Det er sikkert mange som huskar det store og fine Hordakyststemne som var i Auklandshamn i Sveio 3 – 5 juli 1998.
> Somaren 2012 skal me endeleg samlast i Sveio igjen, denne gongen litt meir uformelt, eit treff for kystlagsmedlemmer. Her vert det lagt til rette for å ha god tid til å drøse og diskutere. Grille og kose oss.

> Håpar mange har anledning også å ta med seg mindre båtar som oselvarar o.l. slik at me kan ro og kappsegle i området.
>
> Velkommen til Hordakysttreff på Liereid i Sveio 2012

> Helsing Sveio kystlag og Hordaland Fylkeskystlag

> foto: Trond Lier
(teksten frå Åreblad 1/2011)

Legg igjen en kommentar