I meir enn hundre år gav amerikabreva tru og håp over Atlanterhavet. Mellom 800 000 og 900 000 norske kvinner, menn og barn reiste frå Noreg og til Amerika frå byrjinga av 1800-talet og dei neste hundre åra.
Amerikabrevet var kontakten dei som drog hadde med dei som var att heime.
Sverre og Kari Sandberg, saman med dottera Kristin, har samla inn ei mengd med amerikabrev. Ut frå desse breva har dei laga ein film som skildrar litt av livet til dei mange utvandrarane. Det var ”ingen dans på roser”.
Den nye filmen, Amerikabrevet, vert vist i Møllesalen i Sjoddien, Strusshamn, onsdag 7. mars kl. 11.30. Før filmen vert vist, vil Sverre, Karin og Kristin Sandberg orientere litt om filmarbeidet. Filmen varer i 40 min.
Etter filmen vert det enkel servering.
Askøy museumslaghar fått bunde inn lokalavisa Askøy Tidend frå 1950-1980. Desse vil bli lagde ut slik at publikum kan bla i dei.
Museet sine samlingar i Møllehuset og Pakkhuset er opne.
Alt dette for berre 50 kroner!